Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette event har allerede funnet sted.

«Stadnamn som historisk kjelde»

24. juli | 16:00

Stadnamn som historisk kjeldemateriale.
Kva stadnamn brukte numedølene i mellomalderen, og kva tyder dei?
Botolv Helleland, namneforskar og pensjonert fyrsteamanuensis Botolv Helleland frå Universitetet i Oslo tek oss med på ei mellomalderorientert stadnamnreis gjennom Numedal, kommentert og illustrert med lysbilete.
Stadnamna høyrer til dei eldste levande kulturminna.
Dei er vidareførte i ubroten tradisjon frå generasjon til generasjon, berre lite endra på overflata i takt med indre og ytre språkendringar. Sjølv om det er vanskeleg å tidfesta stadnamna nøyaktig, kan dei ut frå typologi og skriftlege kjelder plasserast i visse historiske periodar.
Stavkyrkja Uvdal. Funn av stolpehol tyder på at det har stått ei “stolpekyrkje” her før stavkyrkja. Myntfunn daterer stolpekyrkja til fyrste del av 1100-åra, medan årringsdateringar viser at delar av materialar i stavkyrkja vart hogd vinteren 1167/1168. (Store norske leksikon). Namnet Uvdal, skrive Uppdals sokn 1368, i Uppdale 1474, er ei målføreform av Oppdal ‘dalen som ligg høgt’.
Stavkyrkja i Nore er ut frå arkeologiske funn tidfest til slutten av 1100-talet. Innføringa av kristendomen ved år 1000 set ei bakre grense for slike kyrkjebygg. Namnet Nore er det derimot grunn til å setja atskilleg lengre tilbake i historia. Kyrkjestaden og det gamle bygdesenteret med dette namnet ligg ved den smalaste staden (nor = smalt farvatn, sund) mellom Norefjorden og Frygnefjorden.

Detaljer

Dato:
24. juli
Tid
16:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/1240461133159083?ref=newsfeed

Arrangør

Nore og Uvdal bygdetun
Telefon:
958 94 581
View Arrangør Website

Sted

Nore og Uvdal Bygdetun
Fv122
Nore og Uvdal, 3632 Norge
+ Google-kart

Detaljer

Dato:
24. juli
Tid
16:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/1240461133159083?ref=newsfeed

Arrangør

Nore og Uvdal bygdetun
Telefon:
958 94 581
View Arrangør Website

Sted

Nore og Uvdal Bygdetun
Fv122
Nore og Uvdal, 3632 Norge
+ Google-kart
© Kopirett 2022 - Nore og Uvdal Næringsselskap | Personvern | Utviklet av Akari