Laster Arrangementer

« All Events

«Skogsdrift i sølvverkstida» foredrag og vandring v/Narve Lid og Even Tråen på Rollag bygdetun

24. juli | 13:00

Middelalderuka 2024

Narve Lid og Even Tråen vil snakke om skogsdrift knytt til sølvverkstida, og publikum blir tatt med på ei vandring langs ein laktervedvei inn i eit juv.

Sølvverkstida er av mange sett på som ei tung tid for oss i Numedal. Vi vart pålagt å arbeide for Sølvverket og pålagt å levere det dei hadde bruk for. Vi lika ikkje plikta og tvangen, men vi må ikkje gløyme at dette ga oss store inntekter. I 1690 sa fogden Climb dette: «I Numedal finnes ingen fattigdom». Fyrst og fremst var det skogen som ga oss inntektene. Anten det var hustømmer til å bygge byen, ved til gruvene, kolved eller setteved. Skogane vart drivi så hardt i Sølvverkstida, at det blei mangel på både ved og virke. Denne skogstrafikken sette spor. Mest aIle sidevassdraga til Laugen har minne frå denne tida. Det er dette vi vil fokusere på denne stunda på Rollag bygdetun.

Enkelt kafésalg. Inngang kr. 200. Vipps/kontant.
Arrangør: Rollag kulturarvlag. Arrangementet er en del av «By og land – hand i hand» – Numedals markering av Kongsberg 400 år.

Detaljer

Dato:
24. juli
Tid
13:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/448291761493435/?ref=newsfeed

Arrangør

Rollag kulturarvlag

Sted

Rollag bygdetun

Detaljer

Dato:
24. juli
Tid
13:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/448291761493435/?ref=newsfeed

Arrangør

Rollag kulturarvlag

Sted

Rollag bygdetun