Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Foredrag om Ola Urdal v/Even Tråen og konsert med Signe Lygre Førre og Irene Tillung

26. juli | 18:00

 Rollag bygdetun lørdag 26 juli kl. 18.00

I 1928 fekk Rollag ny prest, Ole Urdal frå Hosanger ved Bergen. Han var født i 1889. Ole Urdal var prost i Kongsberg prosti dei siste åra i Rollag. Han gjekk av i 1959 og flutte vestattover til Bergen. Urdal var umåteleg godt lika i bygda, noko som folk fekk vist han ved avskilsfesten før han reiste.

I ungdomen var han ein svært god spelemann på hardingfele og hadde fleire gode kappleiksplasseringar å vise til. I Rollag vart han god ven med spelemannen Sverre Eggerud og den unge Sigurd Frogner. Begge desse kunne fortelja om ein kunstnar som kanskje ikkje fekk utnytta sine talenter ettersom hardingfela i hans tid fortsatt vart rekna som eit «djevelens» instrument.

Med seg på Rollag hadde han niesa si Gjertrud Lygre. Ho var «husholderske» for han i alle åra han var i Rollag. Signe Lygre Førre er ein slektning av Gjertrud og ein svært god musikar og ga ut eit album på Ta:lik Records i 2024 kalla «Fagert». Her er fleirkulturell folkemusikk frå Noreg, Tyrkia og fleire land på Balkan. «Fagert» var eit bestillingsverk til mellomalderhuset Finnesloftet på Voss.

Signe har eit band, men hit til Middelalderveka kjem ho med Irene Tillung frå Voss som spelar trekkspel. Signe Lygre Førre vil ha med seg fela til Ole Urdal og det vil bli eit lite foredrag om denne folkekjære presten før konserten tek til.

Etter konsertene inviterer Rollag kulturarvlag og Numedal spel og dansarlag til åpen scene og bygdefest.

Inngang til foredrag, konsert og bygdefest kr. 200. Åpen kafé og bar. Aldersgrense 18 år.

Detaljer

  • Dato: 26. juli
  • Tid
    18:00

Sted

  • Rollag bygdetun

Detaljer

  • Dato: 26. juli
  • Tid
    18:00

Sted

  • Rollag bygdetun
© Kopirett 2025 - Nore og Uvdal Næringsselskap | Personvern | Utviklet av Akari