Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Fjellstyrets jegerkafè

11. juni | 19:00

Fjellstyret arrangerer vår tradisjonsrike jegerkafe tirsdag 11 juni.
Vi har vært heldige å få fotograf og skribent Kjell Bitustøyl på besøk. Han vil holde et foredrag om fuglelivet på Hardangervidda. I tillegg vil det bli informasjon fra Villreinutvalget v/Svein Erik Lund samt praktisk informasjon fra Fjellstyret.
Litt om foredraget og fordragsholderen:

Fuglar på Hardangervidda:

I 2024 er det 50 år sidan den statlege NOU-rapporten om oppretting av ein nasjonalpark på Hardangervidda kom. Og mykje handla om naturmangfaldet på Vidda. Men fuglelivet har i mange år diverre vore nedprioritert med tanke på forsking og merksemd. Det er difor i år god grunn til å lyfte fram fuglelivet i og rundt denne Noregs største nasjonalpark på fastlandet, Hardangervidda nasjonalpark. Kjell Bitustøyl er fotograf og skribent opphavleg frå Rauland og har i mange år vore oppteken av både dyre- og fuglelivet på Hardangervidda. Hardangervidda er mangfaldig med flatvidda som ligg mellom ca. 1100 og 1250 moh med små tjønnar, store våtmarker, tørre og vide flyer og mange store innsjøar og elvedalar i aust og vest og høgfjell i sørvest, i vest og i nord med Hardangerjøkulen. I dette varierte landskapet finn me eit rikt fugleliv blant anna med sørgrense for ein god del fugleartar. Men også her som så mange andre stadar, er det merkbart at ein del fugleartar er i tilbakegang. Kartlegging og overvaking av fuglelivet vil vera eitt av fleire tema for det nystarta laget BirdLife Indre Telemark, men òg for BirdLife Telemark, fylkeslaget, som i 2023 tok initiativ til eit samarbeidet på tvers for å lyfte fram fuglelivet i dei tre fylka som utgjer Hardangervidda. I dette prosjektet vil ein samarbeide med tilsvarande lag i dei to andre fylka, dvs. Buskerud og Vestland, men òg med BirdLife Norge.
Statsforvaltarane med ansvar for verneområda i og rundt Hardangervidda har vist positiv interesse for prosjektet, og dette lysbildeforedraget har kome i stand på grunn av støtte frå Statsforvaltarane rundt Vidda. 30 000 kr. har Kjell Bitustøyl fått for å lage og reise rundt med dette foredraget, som vil bli tilpassa til den delen av Hardangervidda han besøkjer, altså vil det bli ein viss fokus på Austvidda i dette foredraget i Nore-og Uvdal.
Gratis inngang– servering av kaffe, brus og noe å bite i.

Velkommen!

Detaljer

Dato:
11. juni
Tid
19:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/1184322839416719/?ref=newsfeed

Arrangør

Øvre Numedal Fjellstyre
Telefon
991 09 720

Sted

Rødberg hotell
Rudisvingen 10
Rødberg, 3630 Norge
+ Google-kart
Telefon
32 74 16 40
Vis Sted nettside

Detaljer

Dato:
11. juni
Tid
19:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/1184322839416719/?ref=newsfeed

Arrangør

Øvre Numedal Fjellstyre
Telefon
991 09 720

Sted

Rødberg hotell
Rudisvingen 10
Rødberg, 3630 Norge
+ Google-kart
Telefon
32 74 16 40
Vis Sted nettside