
Olsok i Nore stavkirke tirsdag 29 juli kl. 19.30
Nytt sjansen til å høyre desse kjende karane spela og fortelja, Knut spelar hardingfele og Håvard på trekkspel. De vil få høyre både lydarslåttar, runddansmusikk, slåttemusikk og kunstmusikk. Knut og Håvard starta samarbeidet sitt i 2016 og har halde utallige konsertar rundt om i landet.
Knut Buen er en norsk folkemusikar, hardingfelespelar, komponist, folkeminnesamlar, skribent, rosemalar, gårdbrukar og forretningsmann, født og oppvakse i Jondalen, bur i Tuddal. Knut Buen er ein av Norges fremste kulturformidlarar og framifrå utøvar på hardingfele. Han har fått ei rekkje utmerkingar, mellom anna er han utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olav Orden. Han har og vunne Landskappleiken og fått to Spelamannsprisar for plateutgjevingar.
Håvard Svendsrud er frå Modum og er profesjonell utøvar på trekkspel. Han er ein av dei mest etterspurde på sitt instrument. Håvard har vunne utallige konkurransar og vore solist for ulike orkester. Han har og motteke mange prisar for spelet sitt, og han har gjett ut plater, åleine eller saman med andre. Opp igjennom åra har han turnert mykje, òg utanlands og vore kulturambassadør for Noreg.
Arr: Numedal spel- og dansarlag saman med Fortidsminneforeningen.
Inngang kr. 300. Billettkjøp ved inngangen.





