Hytteparadiset Uvdal

Her kan du lese saken skrevet av Hallingdølen

 

Her har Senkveld-Harald funne sitt paradis

Skjerma krok: Harald Rønneberg forelska seg i fjellområda i Uvdal. No har han kjøpt fem hyttetomter og samla eit lag av kompisar til å utvikle eit nytt hyttekonsept. Her saman med interiørdesignar og TV-profil, Halvor Bakke. (Foto: Tor Folgerø)

Vennegjeng: Harald Rønneberg (f.h.) og kona Sølvi Haugland har gått saman med interiørdesignar og TV-profil Halvor Bakke og arkitekt Simen Forsberg om eit nytt hyttekonsept i Uvdal. (Foto: Tor Folgerø)

Naturen inn i stova: Hyttene på toppen av Uvdal skisenter har flott utsikt mot bjørkeskog i framgrunnen og viddene ovanfor Fjellsnaret i bakgrunnen. Hytteprosjektet er eit samarbeid mellom Harald Rønneberg (t.v.) og Halvor Bakke, samt Sølvi Haugland og Simen Forsberg. (Foto: Tor Folgerø)

Høgt under taket: Store vindauge og høg himling over stova er noko av det som kjenneteiknar dei nye hyttene. Interiørdesignar Halvor Bakke og Sølvi Haugland. (Foto: Tor Folgerø)

Hyttesatsing: Ein kvartett leia av TV2-profil Harald Rønneberg har utvikla eit hyttekonsept i Uvdal. Snart kjem dei to første hyttene for sal. (Foto: Tor Folgerø)

Hektisk innspurt: Harald Rønneberg og kona Sølvi Haugland har gått saman med interiørdesignar og TV-profil Halvor Bakke og arkitekt Simen Forsberg om eit nytt hyttekonsept i Uvdal. Denne helga hadde dei innspurt på å setje dei to første hyttene i stand. (Foto: Tor Folgerø)

+ Ein vennegjeng, med to TV-profilar i spissen, har slått seg på eigedomsutvikling

Ekteparet Harald Rønneberg og Sølvi Haugland har fått med seg arkitekt Simen Forsberg og interiørdesignar Halvor Bakke, kjent frå TV-serien «Eventyrlig oppussing». Sundag jobba dei med å leggje siste finish på ei nybygd hytte i Uvdal.

– Å skape noko saman med venner er moro. Simen er den einaste av oss som jobbar med eigedomsutvikling. For oss andre er dette «passion». Me har lagt alle pengane våre i dette prosjektet, seier Rønneberg.

Fann det dei lette etter

Samarbeidet starta for fire år sidan. Då selde Rønneberg familiehytta på Golsfjellet for å byggje ny hytte i Uvdal.

– Me hadde lyst til ein stad med meir høgfjell, med meir luft og rom rundt oss. Me vurderte destinasjonar i heile landet, seier han. Det var Kronprins Haakon som introduserte Rønneberg for Uvdal.

– Me fall pladask for det me såg. Her fann me det me var ute etter. Eg forstår ikkje kvifor me ikkje hadde høyrt om Uvdal før. Det er ein annan type destinasjon enn mange andre hyttekommunar. Her slepp du å gå i kø, seier han.

Eit påskot for å vere saman

Ekteparet Rønneberg og Haugland søkte hjelp av kompetente venner. Den nye familiehytta vart arkitektteikna av Forsberg. Bakke bidrog med kompetanse på interiør og styling. Samarbeidet fungerte så godt at det gav meirsmak.

Hausten 2017 kom det fem hyttetomter til sals på toppen av Uvdal skisenter. Då slo dei fire vennene til. No er to av hyttene snart klare for sal. I tillegg har dei tre tomter til som er klare til å byggje ut.

– Prosjektet har gitt oss eit påskot for å vere saman, seier dei. Frå nye hytta kan Rønneberg sjå rett bort til si eiga hytte i Fjellsnaret, på andre sida av dalen.

Tilbake på TV-skjermen

Sidan tidleg på 2000-talet har Harald Rønneberg vore ein av landets fremste TV-profilar. Etter 15 år med Senkveld, hadde Rønneberg og makker, Thomas Numme, siste sending i mai i fjor. Han avviser at hytteprosjektet er eit karriereskifte.

– Nei, dette er hobby, seier han. – Og det passa fint å bruke tid på dette når me no tok ein pause frå skjermen. Thomas og eg hadde hatt 28 talkshow i året gjennom 15 år. Me hadde behov for ei fornying. No jobbar me med å utvikle nye konsept for TV2. Me kjem nok tilbake, men kva det blir, er heilt ope. TV2 har gitt oss tid til å jobbe med konseptet. Det bør vere nytt og friskt, men samtidig attkjennande Thomas og Harald, seier han. Og i mellomtida dyrkar Rønneberg Uvdal-patriotismen.

– Eg trur me var hundre døgn på hytta i fjor. Me reiser alle helger me har sjansen. Eg høyrer skuldrene dett i bakken når eg set meg i bilen for å køyre til hytta, seier han.